PÅ GAMLE DALEVEIER MED ORDFØRAREN I KVINESDAL

Ordføraren sin tur i Kvinesdal gjekk søndag 3. juli på Utvandringsfestivalens siste dag. Etter gudstenesta starta turen på torget og mange møtte fram. Det starta med vel 100, etter kvart var litt fråfall men fleire nye kom til.

Anne-Berit frå historielaget og ordførar Odd Omland ønska vel møtt. Ordføraren kom med kommunale gåver, ei fin drikkeflaske til alle. Torfinn Hageland frå Vest-Agder Fylke orienterte om gamle veier i dalen. Turen starta så over Nesbrua, opp om barnehagen og den vidaregåande skole, gjennom Kyrkjeskaret og over på Gullestad med teigar etter kvarandre til vi kom til Steindør og over på Ytre Egeland. Her var orientering om den gamle bytestrengen mellom Gullestad og Ytre Egeland. Konklusjonen til domsmennene etter grensegangen var at bytane skulle vera som dei hadde vore “frå ævig tid”. Dette var i 1292 og bytane gjeld framleis bortsett frå at fleire gardar er skilt frå.

Alle hus på ytre Egeland bortsett frå eitt sto før utskiftinga i 1900 i Egelandstunet under heia der Kleivsveien går opp. Reinanhuset blei truleg flytta ut ca. 1850. Av dei seks husa som sto i tunet året 1900 blei to flytta ut straks, seinare er det bygd nye på to av tomtene og eit har rasa i hop. Men stabburet her står heldigvis att saman med stabbur og hus på Torjusbruket. Etter ein stor brann som raserte mest alt i 1658 sto litt av dette huset att og har vore eigd av slekta fram til nå. Familien som bur her har med stor respekt tatt huset i bruk og sett hagen i fin stand.

Frå tunet gjekk turen vidare til Lindland der ordførar Andreas Lindland budde. Han regjerte i både bank og kommune i mange år. Det store huset hans brann ned i 1937, men tunet har i dag fleire hus.
Ved Slimestad Bedehus og Grendetun var det matpause. Huset var bygd på dugnad i 1889 som skulehus for småskulen av folk som ikkje var nøgd med den lange skulevegen til Øye gamle skule som låg lenger ute. I 1928 var det slutt på Slimestad skule og huset blei overtatt av grenda som bedehus. I seinare tid har huset blitt kraftig opprusta av ivrige folk i kretsen og omorganisert til bedehus og grendetun. Alf O Nilsen fortalde om huset og folk fekk koma inn for å sjå eller eta nista der.

Neste stans var ved Slimestadbekken der Torfinn Hageland orienterte om fleire gravhaugar der som alle er vekke. Ved bytet til Øvre Øye låg også gravhaugar og fleire stader langs veien. Ved Øye skule fortalde Torfinn om rodesteinen og om den store tre meter høge gravhaugen som på første del av 1800 sto omtrent der vegen til mølla går opp. Konklusjonen var den same ved alle haugane; det er ingenting å sjå i dag. Men heldigvis fins skriftlege rapportar og enkelte oldfunn i arkiva.

Veldig mange av dei som var med på turen, hadde aner frå desse sentrale gardane i bygda og fekk høyra litt om hendingar og kulturminne. Etter tre timar gjekk gratis buss til Liknes. Det var eit greitt turver der bare få dropar regn kjendest. Turen var med i trimkalenderen og naturlosprogrammet.

Kvinesdal Historielag hadde lagt opp turen i samarbeid med kommunen og med støtte av Lister Friluftsråd.

Se bilder fra turen

ABE