Olsokfeiring ved Røylandsvadet, Fjotland

29.juli klokka 19 var 95 personar samla ved Røylandsvadet, ein avstikkar på Eftestølsvegen. Men det er eit stykke frå Røyland, så kvifor dette namnet? Forklaringa er at driftene med dyr frå Jæren kom forbi her etter å ha fare framom Lindeland, Eikeland og Røyland, ”bak” Fjotlandsfjellet, og hit. Her var det greitt å kryssa Litleåne før dei gjekk vidare til Mjåvatn og så til Eiken.

Kåsøren Lars Mygland hadde eit aktuelt tema: Vatn. Først innom det jordnære og kroppslege, så i meir overført betydning om ørkenvandring og lengt etter vatn, til han avslutta med kvinna frå Samaria som bad om levande vatn. Godt mottatt, det blei også musikken. Nils Ro og Kenneth Trælandshei på fele, Oddbjørn Stakkeland på trompet, og Wenche Hunsbeth Svindland med religiøse folketonar og med stev, ei god blanding. Ho uttrykte glede over igjen å få syngja i heimbygda Fjotland. Vi avslutta med sal av rømmegraut, risgraut og spekemat levert av Knaben Gruvekjøkken, mange godord å høyra om maten.

Og det beste av alt: Vi hadde litt blå himmel og fråver av vatn frå skyene under heile arrangementet, ingen lengta etter akkurat det vatnet denne kvelden, trur eg.

Se bildene her