Olsokfeiring på Håland

29. juli var omkring 90 personar samla på Håland, eller Heie som er det vanlege og lokale namnet, 6 km grusveg frå Knabevegen med 2 km bratt oppstigning. Litt duskregn og veldig mye knott gjorde det nødvendig å vera innomhus, det blei trongt om plassen i den eine delen av huset. Sverre Eftestøl spelte neverfløyte og bukkehorn, og Wenche Hunsbedt Svindland deltok med stev, folketonar og Fjotlandssongen mellom anna. Ho hadde også ein del å fortelja frå mange besøk på Heie, og frå faren Olav som var her og arbeidde som ung. Bestemora hennar var søskenbarn til folket her, ho var på heimebane.

Sigbjørn Risnes snakka først litt om vegane. Bilvegen til Netland kom 1904, og Netlandsnes - Knaben var ferdig i 1915. Tor og Per begynte på vegen til Heie i 30-åra. Før den tid var det gangvegar, og då var Heie sentralt: Kyrkjevegen frå Knaben gard til Fjotland gjekk framom her. Kvinesdal Historielag har tidlegare gått turane Knaben gard - Håland, og Håland - Førlandsås og Bergesli. Ein sti gjekk om Solli, vanskeleg framkommeleg og lite brukt.

Folket og garden . I 1850-åra brann garden, kornbingane brann i fleire dagar, seiest det, det vitna om god og mye grøde. Det var flinke smedar her, folk kom hit for å få tynnslipt ljåane sine. Dei siste som budde her fast var brørne Per ( 1887-1969 ) og Tor (1890 -1970) Søstera Karen Tonetta ( 1882-1972) var gift i Bergesli, blei enke og kom tilbake til Håland. Tor og Per hadde kvar sin gard, men dei budde saman på Tor sin eigedom. Det svære huset skulle vera turiststasjon, og fungerte også slik ei stund. Per stod for matlaginga. Tor var yngst, men han var sjefen. Han var den første i Fjotland som fekk seg traktor. Han hogg tømmer og gjekk på jakt. Per var stille, Tor var utadvendt. Dei hadde ein ordlaus kommunikasjon, noe som følgjande historie viser: Sigbjørn og mora var på Heie for å plukka rips. Dei fekk middag av Per, salt aure. Så kremta Tor, og Per tok hintet og gjekk inn etter molter til gjestene, sjølv åt dei rips.

Ivar Risnes og systera Inger Turid eig dette bruket i dag. Fint at det spesielle huset langt frå allfarveg blir tatt vare på.

Kvinesdal Menighetssenter ved Ludvig Jerdal leverte rømmegraut, spekemat, kaffi og kaker.

Ein fin kveld, for noen første gong i Heie, og for mange eit godt gjensyn.


Se bilder fra turen


Referat: TS