Vandretur på den gamle kyrkjevegen mellom Netland og Gyland

Turen starta frå Netland og vi gjekk opp Voileskaret. Vi starta i noe grått ver men sola kom fram litt er etter kvart. Første stopp var på toppen av Voileskaret der me så utover Nuland og Åtland. Ved kyrkja på Gyland fortalde Fritjof Nuland og Tor Kydland om historia til kyrkja som vart flytta frå Gyland gard til Nuland i 1929. Grunnen til dette var at ho skulle liggje midt i kyrkjesoknet.

Etter matpause utafor kyrkja gjekk turen vidare gjennom Nuland. På Nuland har det tidligare vore 2 butikkar, eit bakeri, skomakar og sagbruk. Turen fortsette forbi Fredheim og vidare til Øvre Lie der det tidligare har vore skysstasjon. I dag bur det ein familie i Øvre Lie. Me gjekk deretter ned til nedre Lie der det blei fortald om tidligare generasjonar på denne staden.

Før vi kom til endestasjonen for turen var vi inne på bedehuset på Gyland gard. Bedehuset har namnet Emmaus, er 125 år gamalt og har nettopp blitt freda.

Fleire var interessert i å sjå kor kyrkja tidligare hadde stått. Den vart bygd i 1815 der kapellet og kyrkjegarden i dag ligg. Som nemnd tidligare blei kyrkja flytta til Nuland i 1929. Det var stor usemje i bygda på denne tida om kyrkja skulle flyttast.

Om lag 30 personar var med på turen.

Historielaget retter ein stor takk til Tor Kydland som var med som kjentmann.

Se bildene fra turen...


KT