Molandkveld i Kulturhuset 11 oktober 2014


På ein regnfull laurdagskveld var det rundt 160 som ville høyra på eit så alvorleg tema som første verdskrigen. Oddvin Moland tok turen frå Oslo for å forelesa for oss om første verdskrigen som starta for 100 år sidan. Denne krigen var mykje meir komplisert og «unormal» enn andre krigar, også samanlikna med andre verdskrigen. Tyskland fekk skulda for krigen, men det var ikkje så enkelt. Moland drog fram striden om Alsace-Lorraine, Balkan, panslavismen, flåtekapplaupet mellom England og Tyskland og mykje meir.

Då freden kom, var mange problem uløyste. Freden blei for «urimeleg» for Tyskland. Det var eit lyspunkt då Nobels fredspris i 1926 blei delt mellom tyskaren Gustav Stresemann og franskmannen Aristide Briand for deira arbeid med forsoning. Men så kom depresjonen og øydela. Hitler fekk etter kvart meir makt og så kom neste krig. At det ikkje blei ein tredje krig i 1962, meinte Oddvin var takka vera John F Kennedy sin historiske teft og kunnskap.

Matpausen blei sosial med kaffi, kringler, økologiske eple og gode kaker som Molandslekt og venner hadde med. Mange fekk helsa på Oddvin og minna han på «gamle dagar» med realskule, idrettsstevne, fotball og anna.

Etter pausen var det song og musikk av Molandfolk; Arny Egeland saman med Tor Kristian Klepp og søskenparet Anja Moland Finnvold og Jon Finnvold, veldig fint.

Det var lagt opp til spørsmål og kommentarar frå salen. Mange hadde interessante innspel som Oddvin kunne svara på eller seia meir om.

Ordførar Svein Arne Jerstad var ordstyrar og viste at han kunne mykje om både krig og fredsarbeid. I staden for inngongspengar kunne folk gje ei pengegåve som blei delt mellom «Leger uten grenser» og Amnesty. Det kom inn kr. 15.055,- som då blei delt mellom dei to.

Heile arrangementet var planlagt av Torkel Moland. Vi i historielaget fekk spørsmål om å vera med og vi er glade for vi sa ja til det. Det er flott å ha slike medlemer som Oddvin og Torkel.


ABE


Se bilder fra turen