Tur til Lykkje 12. juni 2016

Sundag gjekk turen til Eiken. Vi i Kvinesdal hadde lyst til å koma til ein av dei gamle stølane som Eiken gardane hadde mange av i høgheia. Eiken Sogelag ville vera med på det og visa oss stølen Lykkje og når vi då fekk Torfinn Hageland til naturlos, visste vi turen ville bli fin.

Vi starta med buss frå Promenaden med ikkje fullt så mange som vi hadde rekna med. Nokon køyrde sjølv, så det var rundt 25 frå Kvinesdal. Heldigvis var det mange som venta på Nøkland, både eikdøler og folk frå fleire stader. Dei blei med bussen innover forbi Rossevatn og Espeskaret og opp til Faråne. Turen med ca 70 starta oppover Hadrebergan på snaue berg, godt å gå. Første stans var ved ei glova der «Ola Dyreskyttar» testa formen når han skulle ut etter bjørnen. Greidde han ikkje å hoppa over glova, gjekk han heim og venta til ein annan dag. Der han skal ha hoppa over, blei målt til 3,6 meter, ingen ville prøva hoppet. Det står mykje om Ola i «Kynnehuset» og i bøkene til Torfinn Hageland. Det var mange av turfolka som var stolte over å ha Ola som oldefar med fleire «tippar». Neste stans var på toppen av Hadrebergan der vegvisarsteinen «Torgje svarte» står. Stansen her blei kort, regnet kom og folk skunda seg vidare. Snart såg vi Lykkjevatnet og stølen og siste del av turen gjekk langs stranda.

Stølshusa sto først lenger opp frå vatnet, på Ormebakkjen. Men i 1840-åra var dei så plaga med «skrubb», så stølen blei flytta ned på berget med den store steinen. Ingen av dei gamle lafta husa står i dag, men nyare hytter. Dette var ein støl der dei flytta til med heile familien, kyr og andre dyr i ein månads tid. Når dei var ferdige med slåtten på stølen, hadde dei mange løe- og stakkslåtter innover heia. Torfinn nemnde 12 løeslåtter og 76 lass høy som måtte køyrast heim om vinteren. Eit barn blei fødd på stølen i 1908. Jordmora henta dei på ein annan støl, navlestrengen blei klypt med sauesaks. Nokre år seinare døydde ei ung jente på stølen. Siste året dei slo på Lykkje, var i 1952, men Albert Nøkland hadde med seg kyr til Lykkje fram til 1980. Det var veldig moro at sonen Andreas Nøkland, som eig stølen i dag, ein bror og to av systrene var med på turen. Dei fortalde om livet om sommaren på stølen.

Etter litt småregn og kamp med mygg og knott, gjekk turen raskare tilbake til bussen. Etter kvart kom sola att.
Turen til Lykkje blei ein av dei finaste turane vi har hatt. Natur med snaufjell, vatn, grøne lier og myrer kvite av myrull, her var det godt å gå og vera! Stor takk til Torfinn Hageland, Eiken Sogelag og mange gilde eikdøler, til og med ein busssjåfør som bur i Eiken og kjenner heia.


Se bilder fra turen

Referat ABE.

Foto: Johnny Eftestøl saman med nokre få foto av Olav Eiken og Anne-Berit Erfjord