Årsmøte i Landslaget for lokalhistorie

Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte 27.-29. mai på Romerike. Tre frå Kvinesdal Historielag; Turid, Ragnhild og Anne-Berit var utsendingar, alle med stemmerett sidan vi har så mange medlemmer.

Møtet blei halde på Romerike Folkehøyskole som ligg nær Jessheim. Regionlaga Follo Historielag og Romerike Historielag var med på å arrangera møtet.

På programmet fredag ettermiddag var foredrag av Bjarne Graut om Raknehaugen. Den reknast for største gravhaugen i Nord-Europa. Ole Jakob Holt snakka om vern og bruk av gamle hus og viste foto av ulike hus. Begge var sers interessante.

Laurdag føremiddag var landsmøteforhandlingar. Det blei diskusjon om kontingenten og om laget skulle skifta namn. Etter fleire år som leder av laget, sa Kurt Tverli takk for seg og Beint Foss frå Tveit og Agder blei ny leder.

Det var to ekskursjonsturar. Den eine gjekk til Eidsvoll der Grunnlova kom til. Og så gjekk turen til Raknehaugen som nå er 15 meter høg, men har vore 18 meter. Det som er mest spesielt med haugen er at den inneheldt nær 75 000 tømmerstokkar og var reist i perioden 533-551 e. Kr.

Den andre ekskursjonen gjekk til Fetsund Lenser og Sagdalen med oppgangssag. Fetsund Lenser er eit av dei industrielle kulturminna i Norge og fortel om fløyting og sortering av tømmer i Glomma-vassdraget. Oppgangssaga er restaurert av Sagelvas Venner og vi fekk demonstrert saga i arbeid.

På begge bilturane hadde vi dyktige lokale guidar både på stadene og på bussen. På søndagen fekk vi sjå gamle fly i lufta over Kjeller der det var flystemne.

Noko av det som vi set mest pris på, er å treffa historielagsfolk frå mange kantar av landet. Vi møter gamle kjente, helsar på nye, høyrer om kva dei andre laga gjer og fortel om kva vi driv med. Mange lurer på korleis vi får så mange medlemmer.

Laurdag kveld før festmiddagen underhaldt Veronica Akselsen med song og fortalde om taterane.

Vi frå Kvinesdal tok toget og det var ein grei måte å reisa på.

Se bilder fra turen


ABE