Tur 25.5 Kr. Himmelfartsdag

Turen gjekk frå Ydre Åsen til Fogreheirinnan på Haddelandsheia. Mange har gått på ski på denne heia, men få hadde gått opp herfrå på den delvis gamle heievegen til slåtene på Fogreheia. Veret var lettskya og litt vind frå nordaust. Rundt 40 starta med å gå ca 1 km på skogsveg til ei stor dyrka myr. Så gjekk det oppover på grei sti, litt vått i myrane, men lett å gå. Snart var vi oppe ved Hesthomtjødna og gjekk langs den, vidare oppover vekslande bakkar og flater. Oppe på Vestre Fogreheia såg ein vidt, sjølv om mange sa det var mykje meir tre enn dei mintest. Det var lett å gå på rinda og fram til hytta av Karl Skeie Mygland. Her hadde nokon vore før oss, sett opp norsk flagg og tent opp bål. Her var mange gode sitteplassar.

Leiv Gunnar Skiftun hadde trykt opp songar og heldt andakt. Han nemnde serleg mora til Joshua French og kor fantastisk ho hadde støtta sonen.

Nistepakke og mat smaka godt og mange gode samtalar. Det var folk blant anna frå Flekkefjord, Tananger, Søgne og rundt om i Kvinesdal. Karl fortalde at dette området hadde vore ein viktig ressurs for å få nok høy til dyra i eldre tider. Dei sette opp mange stakkar kvar sommar og køyrde høyet heim med hest på vinterføre. Etter krigen blei det bygd ei løe, men den blei aldri brukt, heieslåten var slutt då som så mange andre stader.

Vegen ned att gjekk om ein minnestein i Øvre Åsen der ein mann frå Høydalen omkom. Johan Jerstad fortel i Sogebok at mannen hadde vore i Eiken ein søndag, han drakk mykje og åt lite og kom ikkje heim. På minnesteinen er hogge inn A.K. S. 1824.

Nedanfor ligg det gamle gardshuset i Øvre Åsen, vi fekk vera med inn, huset er godt passa på.

Turen var planlagt av Ragnhild, Turid og Tor i styret i samarbeid med Karl. Vi takkar desse og Leiv Gunnar Skiftun. Dette var den 16. Kr. Himmelfartsdag turen i samarbeid med kyrkja.


Se bilder fra turen

Referat: ABE