Tur til Knabekniben 25. august 2019


Den siste turen dette året var ein tur for litt spreke folk. Det var ein nydeleg dag, 23 personar var med, og Leif Hunsbedt  var flink naturlos.  Gåinga starta 400 m nord for Knaben gard, vi følgde Knutsvegen, ein godt merka sti, passeleg bratt i starten.  Men 360 m stigning på 1.6 km merktest etter kvart. Eit par stader var det kjetting til å dra seg opp etter, og litt hjelpte vi kvarandre. Vi vart sterkt oppfordra til å følgja stien, enkelte stader var det  litt luftig om vi kom for langt ut på kanten Leif stoppa fleire stader undervegs og fortalde kva vi såg.  Han nemnde også  planar for vidare utbygging av vasskraft i området, Knabeåni blant anna, der vatnet skal overførast til Homstølvatnet og vidare i tunnell til Sirdal.

 

Knaben kjem antageleg av det tyske ordet  Knapen, men då garden under fekk namnet Knaben, blei det putta på kniben på den karakteristiske toppen som er godt synleg og lett kjenneleg.  Etter 1.5 t nådde vi toppen, 786 m.o.h. Det var vidt utsyn, noen fjelltoppar som Grunnevassknuten, og Hovknuten og Hilleknuten i Sirdal kjende vi att. Risnes, Knaben gard og Knaben gruve såg vi og. Men mest fjell.

Etter ein god matpause på toppen, gjekk vi ned att ein litt annan trasé eit stykke, ikkje så bratt, men 300 m lenger. Litt tøft og tungt i føtene å gå ned att og, men då vi stod på parkeringsplassen og såg Kniben langt der oppe, trur eg alle var godt nøgde med turen, og enkelte var litt stolte av seg sjølv.

 

 

Se bildar frå turen.

 

Ref.: TS

Bilder : JH