Tur Kalvstøl - Heddan gard

Søndag  2. september starta som så mange andre turdagar dette året: Høljeregn!! Dette skremte kanskje ein del frå å bli med, men vi som trossa regnet, fekk ein flott tur. Det vart blå himmel og til og med litt sol etter kvart, bare  noen få regndropar. Vi fylte opp ein buss, 45 stk var med frå Kvinesdal, noen hadde kjørt til Kalvstøl, alt i alt var vi omkring 50 personar  som følgde grusvegen 2.5 km  innover mot Audalstøl..

 

Der  gav  Simon Johan Egeland oss ei god og fyldig orientering om folka og livet i tidlegare tider. Mor hans kom derifrå.  I dag er det bare  fritidshus der inne. Vegen vidare gjekk til  Skylstadvatn, deretter  kom det eit parti med myr og mykje blautt; godt dei fleste hadde støvlar .

 

På ”Oskarsborg”, godt  inni Hægebostad kommune, hadde vi ein kort matpause  og litt orientering  før vi gjekk siste del av turen ned mot Heddan gard, det meste på grusveg. Der var vi lova suppe og orientering ved Erling Stokkeland. Det fekk vi, i tillegg  serverte dei  kjøttkaker og  lappar med syltetøy.

 

Turen var på 8-9 km, lite stigning og bortsett frå eit blautt parti halvvegs, lett å gå. Kan anbefalast. Heddan gard i seg sjølv er vel verd eit besøk.

 

Se bildene fra turen