Førjulskveld torsdag 1. desember

Denne førjulskvelden var det nøyaktig 100 personer møtt fram på Klubbhuset. Det var folk frå Kviteseid, Evje, Kristiansand, Søgne, Sola, Sand i Ryfylke, frå nabokommunane og heile Kvinesdal.

Vi hadde invitert Paul Sveinall frå Marnardal som hadde sett saman eit lyrisk program i ord, song og tonar. Paul har forska mykje og funne fram gamle kvad, viser, melodiar og tekster heilt tilbake til vikingtida. Han hadde bilen full av instrument og spela fløyte, fleire feler og toradar.

Paul meinte at desse gamle song- og viseskattar var alt for lite verdsatt i dag. Han viste oss døme på at ungdoms- og kjærleikslivet eigentleg ikkje var så annleis enn i våre dagar. Mykje humor var det i både tekstene og det Paul kom med elles.

Som vanleg var det ei fin sosial matstund med god risgraut og kaffi. Ingen hadde svelgt mandlane, så det var fem som fekk sjokoladepremie. Og nokon vant på inngangsbilletten.

Kvelden blei avrunda med «O jul, med din glede» og Kenneth sitt ynskje om vel heim.



ABE