Førjulsmøte

Førjulsmøtet onsdag 29. november blei ein strålande kveld i Kultursalen. Over 120 møtte opp. Det starta med musikk av Earling Nikolaisen og Halvor Aasen på piano og fiolin. Forfattaren Edvard Hoem fekk ordet og fortalte levande om forfattarskapen og mest om den siste boka som avslutta serien om dei som reiste til Amerika og dei som blei igjen. Han fylgjer slektene heilt fram til ca 1960 der han sjølv er ein av dei. Mange hadde lest bøkene hans og mange kunne nå få kjøpa siste boka med helsing frå forfattaren. Vi fekk meir musikk av dei to musikantane som fekk stor ros for val av musikkstykke og for framføringa. To dagar seinare fekk Earling Nikolaisen Sachs`stipend på 50000. I pausen med julegraut og kaffi kunne ein kjøpa bøker og prata med folk som ein ikkje hadde sett på ei stund. Leder Kenneth kunne takka for ein stor kveld.


Referat: AB






ANDREAS HOMPLAND