I Ivar Aasen sine fotspor

I samband med feiringa av Ivar Aasen si ferd gjennom Fjotland for 150 år sidan blei det også bestemt ein vandretur i hans fotspor, laurdag 30. august. Aril Stakkeland ordna turen på vegne av og med litt hjelp av Kvinesdal Historielag.
Vi starta ved Krågeland alpinsenter ( 400 m o h,) gjekk rett nordover 4-5 km til vi kom inn på vegen frå Seland til Lindhommen (270 m.o.h), og denne siste biten gjekk vi i spora til Ivar Aasen. Han brukte truleg den gamle ferdselsvegen mellom Oftedal og Seland til Lindhommen.

Turen var lett å gå, ein del myrar, men også tydeleg sti, her gjekk gylendingane som arbeidde på Knaben. Vi hadde ein god stopp halvvegs, ved Surtetjødn. Heile turen tok 2 ½ time med pause, og kan anbefalast, men det er viktig med godt fottøy. Oppmøtet var over all forventning, 65 personar var med.

Se bilder fra turen

TS.