Haustmøte på Helle skule onsdag 4.okt. 2017

Kåseri med Andreas Hompland (71) var den einaste posten på programmet denne kvelden, men det var nok, og flott. Han er sosiolog og journalist, og skriv på eit lettlest nynorsk som er tilpassa dalstroka innanfor. Andreas har skrive boka Livsløp- ei bok om å springa og det det kan føra med seg. Og dette var tema for kvelden. Han var innom starten på Storekvina, seinare det gode friidrettsmiljøet i Kvinesdal i Støve si tid, til Oslo med Holmenkollstafett m.m.. Andreas spring, han joggar ikkje. Det er ikkje for å trena eller bli slank og i god form. Han er rett og slett avhengig .

75 personar fekk trengt seg inn i den eine skulestova på Helle, mange av dei var gamle springekameratar, og noen vart nemnd i kåseriet. Etterpå blei det sal av boka hans, og han skulle signera. Det tok veldig lang tid, han hadde mye å snakka om, med mange . 5 kringler var akkurat nok, ikkje mye att.


Se bilder fra turen

Referat: Turid Stakkeland
Foto: K.T.





ANDREAS HOMPLAND