Haustmøte på Kvinlog skule 12.okt.2011

Hovudinnslaget denne kvelden var Jan Oddvar Stakkeland sitt kåseri om faren Oskar Stakkeland ( 1920-1906). Han tok utgangspunkt i boka som var ferdig tidlegare dette året. Vi fekk høyra om ein gut som var veldig glad i song og musikk, i morfaren sin begravelse (1925) song han og ”spelte” fele, dvs 2 pinnar som han gneid mot kvarandre. Fleire hendingar i barndommen opplevde han som eit kall til å bli emissær, og musikken var ein integrert del av det. 18 år gamal starta han og heldt på heile livet, avbroten av eit kurs på bibelskule i Bergen og eit studie på musikkonservatoriet. Vi fekk også høyra om oppfinnaren som kunne finna vatn ved hjelp av ”bøylar” og var ømfintleg for stråling, litt om Fjotland bygdemuseum som han var drivkrafta bak. Som formannen i skulestyret kjempa for å få ungdomstrinnet til Kvinlog. Småbrukaren og humoristen blei det mindre av denne gongen.
 
Brødrene Drivdal frå Moi i Lund spelte gitar og song bedehussongar som var i Oskar sin stil. Svigersonen til Oskar, Tom Gallatin, og grandnevø Oddbjørn Stakkeland var eit sjølvsagt innslag, med trombone og piano. På eit historielagsmøte måtte dei spela eit historisk stykke, meinte Tom. Vi fekk ein serenade frå 1621, det første som var skrive for trombone, og fleire nyare ting. Vi avslutta med fellessongen Kor stort min Gud, melodi Oskar Stakkeland. Omkring 80 personar møtte opp, ein fin kveld.
 


Se bilder fra haustmøtet