Haustmøte

Kvinesdal Historielag hadde sitt haustmøte 28. september på Øye Grendehus.

Egil Johan Ree, kjent frå NRK og forfattar av lokalhistorie, kom frå Stavanger og hadde sagt han ville kåsera om gamle dagar. Han tok utgangspunkt i sin eigen barndom på bondegard på Ree i Time, grannelaget der og sine forfedre. Han fortalde om dokument og gamle utklipp som hadde gitt han kunnskap om folk og levemåtar. Nær 100 personar hadde møtt fram og ga utrykk for at dei koste seg.

Medlem nr. 900 i laget blei Agny Svindland, ho fekk bokpakke i gåve.

Johannes Hamre viste bilde frå turen i mars til Italia. Mange som var med på turen, fekk friska opp minnet om Colosseum og andre stader.

Det var sosial matpause med kaffi og kringle. Det blei nok mest sosialt og ikkje så mykje kringle. Neste år må vi skaffa fleire.