Med Kvinesdal Historielag frå Knaben gard til Håland

Søndag 21. august gjekk 61 personer den gamle kyrkjevegen frå Knaben gard til Håland. Kyrkjevegen var synleg noen stader, ellers gjekk vi i litt ulendt terreng med mye lyng og litt myr. Sigbjørn Risnes hadde gått opp løypa, og han var dyktig naturlos med litt assistanse frå Tor Mygland og Turid Stakkeland. Frå Knaben gard( 400 m.o.h.) til det høyeste punktet mellom Elskardheii og Heiefjell var det ei stigning på 300 meter. Mye insekt og ganske sterk stigning rett før toppen tok litt på, bortsett frå det var det ein behageleg tur. På toppen hadde vi ein god pause med flott utsikt mot jordene på Håland.

Ned til Håland( 500 m.o.h.) var det lett å gå. Vi gjekk forbi restene etter ein gammal traktor, og det var impoerande å høyra at den første traktoren i Fjotland, kom til Håland. Turen var på ca. 5 km.

Noen personar hadde kjørt frå Norbø til Håland, blant andre Simon Johan Egeland som fortalde om garden og folka som budde der tidligare. Ned til Nordbø gjekk vi på ein 3 km lang grusveg som var lett å gå.

Se bilder fra turen