Tur frå Håland til Førlandsås og Bergesli |
Søndag 22.mai var 18 personar på veg over heia, dette var andre etappe av
kyrkjevegen frå Knaben gard til Fjotland kyrkje. Tidlegare har vi gått Knaben
gard – Håland.
- Dette er ein tur for spesielt interesserte, sa Sigbjørn Risnes. Han tenkte
kanskje på veret? Vi starta med moderat regnver, fekk til og med ein matpause i
nokolunde opphaldsver, men den siste delen var våt. Likevel var det ein fin tur.
Fire timar med moderat gange og få pausar brukte vi til Førlandsås eller Åså som
folk i Fjotland seier, 7 km i luftlinje. Litt kupert, noe myr og noen bekkar ,
men ingen tøffe motbakkar. Den siste delen ned til Åså var det litt steinete og
bratt. Tor Mygland si orientering om Førlandsås, blei kort, og mange var glade
for at det var bilveg vidare til Bergesli. Eldstemann Trond Mygland på over 80
år, såg ut til å klara seg bra.
Litt historie. Vegen har vore lite nytta etter 1907 då dei siste lesarborna
gjekk her . Det var søskenbarna Martine Håland, g. Netland og Tine ( Pertine)
Knaben, g. Kvinen , mor hennar var frå Håland. Ein kan undrast over kvifor dei
gjekk til Fjotland, Netlandsnes kapell var ferdig i 1886. Men vegen fram til
Netland var ikkje ferdig før i 1908, det kan vera grunnen. Det har vore fleire
bruk, no bur ingen der, men jorda blir nytta. Posten blei henta på Åsemoen,
frakta til fots om Eftestøl, Førlandsås, Bergesli, Røyland og tilbake til
Åsemoen.