Til Gursligruvene og Gullbergknuten

Søndag 11. juni var Kvinesdal historielag på farten igjen, denne gongen til Lund kommune. Vi møtte opp ved Moi kyrkje, kjørte eit lite stykke mot Gursli før resten av turen gjekk til fots. Fleire undra seg over at det var bare 13 frammøtte, med guide. Hadde det vore for mange turar? Hadde omtalen i Agder skremt noen? Der stod den nemleg omtala som ein tur med mykje stigning.

Olav Hofstad var guide, han var ein av initiativtakarane til å gjera gruvene tilgjengelege for turistar, altså hadde han førstehandskjennskap til det han snakka om. Vi brukte den gamle gruvevegen med godt og mjukt underlag, ein blanding av gras og grus. Vegen gjekk i slake svingar, først oppover og så nedover mot gruvene, 3.8 km til saman ein veg. I gruvene utvann dei molybden noen få år under 1. verdenskrig. Med hjelm og lys frå eit aggregat gjekk vi litt innover, passerte noen sjakter som var avsperra med kjetting. Det var ikkje fritt for at vi kjente suget då vi høyrde at ei av sjaktene var 27 m. djup.

På tilbakevegen tok vi ein avstikkar frå gruvevegen, og dei som ville kunne gå opp på Gullbergknuten. Ein kunne vera med heilt opp, eit stykke opp eller venta nedanfor. På denne delen av turen var det god stigning, spesielt mot slutten.
Den siste vesle biten, sjølve knuten, var ganske luftig, og folk valde ulike løysingar: Gjekk/ klatra opp utan problem, kom seg opp med litt assistanse, fort opp og fort ned, eller dei venta nedanfor toppen med varden på, omkring 6 - 8 meter lenger nede. Flott var det uansett.

Denne turen kan anbefalast, det går godt å prøva på eiga hand, men vil de inn i gruvene, treng de guide med nøkkel.

Se bilder fra turen