Førjulsmøte

Det var 113 som tok seg tid til å koma på førjulsmøte i Kvinesdal kulturhus 1. desember. Det var som vanleg folk frå mange stader, og fire frå Agder Historielag tok turen for å oppleva eit møte i Kvinesdal Historielag. Kirsten Bråten Berg kom frå Setesdal for å fortelja om juletradisjonar i Setesdal. Det var interessant å høyra om julemat, julesongar og livet i dalen. Fleire ting var ulike samamlikna med skikkane i vår dal. Kirsten sine stev, viser og julesonger gjorde det ho fortalde, levande. Ho sa det var ikkje så mange av dei vanlege julesongane som var brukte i eldre tid i dalen. Ein av dei som var mest brukt, var «I denne søte juletid» og Kirsten song den for oss. Etterpå kunne Tor Mygland fortelja henne at den songen var alltid brukt julafta i familien hans på Mygland.

Noko heilt anna var Alf Christian Oddane som fortalde om stortjuven Elias Tønnesen. Oddane skriv bok om tjuven som har tilknytning til Kvinesdal, Gyland og Nes. Dei siste åra budde Elias på Dale og forfattaren fortalde at han hadde møtt ein som hadde arbeidd på Dale i den tida.

Knut Engelskjøn helsa frå Agder Historielag, laget ynskjer samarbeid med lokallaga.

Servering av graut, saft og kaffi er ein viktig del av møtet. Grauten var laga av Kvinesdalheimen og smakte ekstra godt. Konfekt som mandelgåver og kransekaker frå Kvinesdal videregående skole, blei trekt til slutt. Kenneth leia kvelden og takka alle som var med.

Kvinesdal Kunstnarlag hadde utstilling i Kultursalen, så det var mykje fin kunst å sjå langs veggane.


Referat: ABE