Førjulsmøte


Den tradisjonelle førjulskvelden til historielaget var utradisjonell på fleire måtar. Kveldens kåsør var Frank Aarebrot som foreleste i to lange økter avbroten av matpausen med graut. Han trollbandt forsamlinga der han utan manuskript heldt styr på namn, årstal og hendingar. Ikkje ein har klaga over ar det blei for langt, dei kunne høyrt på han mykje lenger.

Anne-Grethe Aagesen og Earling Nikolaisen bidrog med song og musikk.


ABE