Førjulsmøte torsdag 6. desember

På ein kald desemberkveld var det 79 personar samla på Klubbhuset Stadion for å vera med på den tradisjonsrike førjulskvelden til historielaget.

Kveldens kåsør var henta heilt frå Ålesund. Harald Grytten har vore lærar, museumsstyrar, forfattar, byhistorikar og er ein stor kulturperson. Han er kjent for den grøne krakken han har med seg og sa sjølv han brukte krakken 150 gonger i året.
Vi har alle høyrt om «Brannen i Ålesund». Ingen veit så mykje om brannen som Harald Grytten. Brannen 22-23 jan. 1904 i fæl storm øydela 850 trehus der 12000 menneske budde. Bare eit menneske omkom, eit hus blei ståande att i brannområdet.
På tre og eit halvt år var byen bygd opp att, 450 hus. Alle bygd av stein og stort sett med handemakt.
Grytten sa brannen var ikkje ein katastrofe for byen, men eit lykketreff. Det skaffa arbeid til mange arbeidsledige folk mange kantar av landet, alt frå arkitektar til alle slag handverkarar. Og byen blei bygd opp etter ein plan og er med sine 400 jugendhus, ein turistattraksjon i dag.
Dette er ikkje minst takka Harald Grytten. Hans kunnskap, entusiasme og formidling har fått ålesundarane til å innsjå at dei har ein by å vera stolt over.
Vi fekk høyra om Ålesundet som har gitt namn til byen. Ein plan som gjekk ut på å fylla att sundet for å laga 450 parkeringsplassar, blei det heldigvis ikkje noko av.
Ein av kvindølane sa etterpå at hadde nokon sagt at eit kåseri om brannen i Ålesund kunne bli interessant i Kvinesdal, ville han ikkje trudd det.
Det var ekstra moro at mange i slekta til Harald Grytten møtte fram til eit lite slektstreff. Det var ikkje mindre enn tre Harald Grytten rundt bordet.

Musikkinnslag denne kvelden var det Irmelinn Stakkeland som sto for. Ho hadde funne fram fine tonar med jazz og gospelinspirert song.

Måltid med god risgraut og kaffi saman med gode samtalar rundt borda er som alltid viktig.


ABE