FØRJULSMØTE 2.12.09.

Dette året hadde vi møtet på Klubbhuset ved Kvinesdal stadion, der var god plass til dei litt over 90 personane som møtte opp. Som kåsør hadde vi fått Anna Ersdal, ho snakka om juletradisjonar frå barndomen i heimbygda Lom, veldig fascinerande - og humringa i salen vitna om gjenkjennelse frå mange av oss. Søstrene Sandsmark framførte gamle songar frå skule- og bedehustradisjon, og Solveig P. Galdal leste eigne dikt. Eit fint program. Serveringa var graut levert av Kvinesdalheimen, den var svært velsmakande. Samlinga vart avslutta med ei lynrask lynutlodning, ho var over før vi nesten hadde starta, men vi registrerte at ordførar Omland stakk av med kransekaka, hovudgevinsten. Høgtalarane fungerte greitt, og neste år får vi også håpe at Kenneth slepp å vera mikrofonstativ.

 

TS.