Førjulsmøte 2007 - Norskamerikanere i motgang og medgang |
Møtet på Kvinesdal videregående skole onsdag 28.11.07 sette rekord. Heile
156 personer kom. Det starta med musikk ved Pete Haneferd og Irene Sandtorv.
Medlem nr. 1000 i historielaget blei Sverre Magnar Solberg. Leder Kenneth
Trælandshei gratulerte og ga han ein bærepose med bøker.
Tema for kvelden var norskamerikanere i motgang og medgang.
Motgangen kom først. Roger Kvarsvik som arbeider på Statsarkivet i Stavanger
fortalte om ”Ørkenen Sur” i Brooklyn. Dette var ein buplass i 1920-30 åra der
folk som hadde det vanskeleg budde. Det kunne vera sjøfolk utan arbeid eller
folk som hadde problem av ymse slag. Roger skal skriva bok om denne tida og er
interessert i opplysningar. Han traff folk i Kvinesdal som hadde noko å fortelja.
Siv Ringdal har kome med boka ”Lapskaus Boulevard”. Den handlar stort sett om
folk frå distriktet som har hatt suksess i Brooklyn på 1950-60 talet. I boka er
bilde av mange kvindøler.
Tredje innslaget hadde Johannes Risnes. Han var reiseleder for historielagsturen
til Midvesten i september/oktober. Han viste masse foto og fortalte om stader,
kyrkjer, utflytta fjotlendingar og mykje meir.
Pete Haneferd og Irene Sandtorv hadde fleire musikkinnslag som folk sette stor
pris på. Det blei grøt og saft til alle. Elever frå elevbedrifta på skolen
sørgte for det. Det var 4 mandlar i grøten, men bare tre hadde funne og fekk
Twistpose.
Mange kjøpte boka av Siv Ringdal og boka vår ”Orkan og Stilla”.
Programmet denne kvelden var stort, så klokka blei halv elleve før Kenneth takka
for frammøtet og kvelden.
Ref.: AB