Kvinesdal Historielag til Færøyane 1-5 august 2013

Årets tur gjekk til Færøyane med 41 personar. Møll Turbuss i samarbeid med Magnus Jensen og historielaget hadde lagt opp turen.
Øyriket i Nordatlanteren har 17 bufaste øyer. Landet har ca 48.000 menneske, av dei bur 20.000 i hovedstaden Tòrshavn. Fleire mindre øyer og grender har få fastbuande.

Torsdag: Etter ein lang dag med fly Sola – Flesland – Færøyane med mykje venting, fekk vi eit lite glimt av ein grøn bratt kyst før vi landa på Vàgar der bussen venta og køyrde oss til Tòrshavn.

Fredag: Denne dagen gjekk turen nordaustover. Tòrshavn ligg på Streymoy og vi køyrde over Eysteroy, Bordoy og Vidoy. Vegane gjekk stort sett langs fjordane med to korte bruer og ein undersjøisk tunnel. Denne enda i Klaksvik på Bordoy. Byen har ca 4.500 innb., har stor fiskehamn og er sentrum på Nordøyane. Christianskyrkja som er 50 år i 2013, er bygd opp rundt altertavla «Den store nadverd». Under taket heng ein tradisjonell færøysk båt på 24 fot. Båten heiter «Dorothea» og har vore brukt til prestebåt. Døypefonten av granitt er ca 4000 år og skal ha vore eit kar til bloting i heidensk tid i Danmark. I kyrkjekjellaren fekk vi sjå ei ny utstilling av Edward Fuglø. Han har laga utskorne relieffar av rekved, gamle trebitar og metallrammer, alle med motiv frå Jesu liv.
Så gjekk turen til Filana Veveri. Aina Cederblom frå Sverige bygde opp denne vevskulen i 1934. Eyd Matras er journalist og skodespelar. Ho har laga ei førestelling om kvinna og vi fekk høyra litt av dette. Livet til Aina Cederblom var som eit eventyr der ho kom åleine i ein liten båt lasta med materialar og vevutstyr.
Frå Klaksvik gjekk turen gjennom to gamle låge tunnellar, over til Vidoy og nord til Vidareydi der vi hadde lunsj og såg ei kyrkje og ein gamal prestegard. Det regna kraftig og på vegen tilbake fekk vi sjå korleis bekkane hadde auka og laga fossar i trappetrinn nedover dei bratte fjellsidene. Sauer og gjess beita over alt. Veret hadde letta litt då vi var tilbake i Tòrshavn med byvandring. Vi gjekk frå havna og rundt i Tinganesområdet der det er mange fleire hundre år gamle hus, fleire står i den gamle hovudgata Gongin.

Laurdag: Etter ein føremiddag på eiga hand, køyrde vi til historiske Kirkjubøur. Her er murane av Magnus katedralen, Òlavskirkjan frå 1200-talet og heimstaden til kongsbondeslekta Patursson. Familien har budd på garden sidan 1557, og det er nå 17. generasjon av familien som driv garden og bur her. Dei eldste delane av huset, Røykstovan og Stokkastovan, er nå museum. Sólvá Patursson var omvisar i kyrkja og Røykstovan. Ovanfor husa var staden i fjellet med hola der mor til Sverre Sigurdson gøymde kongssonen.
På Bryggeriet Okkara der det var omvising og ølsmaking. Tilbake i Tòrshavn, fekk vi omvising på Kunstmuseet.
Etter middagen om kvelden, gjekk vi til Nordens Hus der det var tradisjonell færøysk dans. Mange var med i dansen, andre såg på. Det er fint at dei har halde fast på denne tradisjonen med songar i hundrevis av vers.

Søndag: Denne dagen gjekk bussturen nordover på Streymoy og oppover langs Storå i den tidlegare avstengde Saksundalen. Beitande hestar gjekk i bakken nedanfor røykstova på den gamle kongsbondegarden Dùvugardur. Jòhan Jògvasson heiter den unge bonden som driv garden med 300 sauer. Han fortalde om det harde og strevsame livet til forfedrene blant anna med henting av torv lange vegar. Etter grenda fekk kyrkje i 1858, blei det bygd på ei «prestestove» på garden så presten skulle ha ein stad å sova.
Etterpå køyrde vi langs fjorden Sundini til Eidi, over fjellet på sørsida av høgste fjellet på Færøyane, Slættartindur på 882 m og vidare til Gjògv, som tyder juv. Det går 69 trappetrin ned til sjøen i kløfta. Båtane må heisast ned og opp. I den stupbratte klippeveggen voks det forvilla «gjøglerblomst», kvann, rosenrot og andre planter. Etter den vesle trimturen ned og opp, smaka det godt med lunsj der vi fekk ein tallerken med smakebitar med mange slag pålegg. Kyrkja frå 1929 hadde gullstjerner i taket og ei altertavle laga av ein lokal kunstnar. Motivet var disiplane som ser Jesus gå på sjøen og fjella bak er fjell frå staden.
Vi rakk ein ekstratur til Kvivik der det er utgrave ein vikingbuplass nede ved sjøen.

Måndag: Føremiddagen brukte vi i Tòrshavn. Nokon handla, andre hadde eit godt måltid. Før vi skulle møta på flyplassen, gjekk bussturen til Bøur og Gàsadalur vest på øya Vàgar.
Bøur var ei grend ved sjøen med utsikt til Tindholmane. Gàsadalur var ei av dei mest avstengde bygder på Færøyane fram til 2006 då dei bygde ein tunnell gjennom fjellet. Posten til garden blei frakta til fots over fjellet to gonger i veka. Ein av postmennene hadde jobben i 60 år til han slutta 80 år gamal. Då kom han på eit frimerke.

Sjølv om vi hadde noko skodde og regn, fekk vi eit flott inntrykk av den varierte naturen, historia og den rike kulturen. Dei lokale guidane var kunnskapsrike og stolte av landet og kulturen.
Leder og guide på turen var Magnus Jensen som er frå Færøyane. Det var trygt å ha han med, han var kunnskapsrik, kunne svara på det meste, ordna opp med praktiske ting og passa på at alle hadde det greitt.

Se bilder fra turen


Ref. ABE
Foto. Johannes Hamre