Førjulsmøtet i Kultursalen


Tora-Liv Thorsen frå Forsand kåserte om livet til Ola Olsen Songesand(1779 – 1858)  frå Lysefjorden, eller Pilt Ola som han blei kalla på grunn av ganglaget. Han gjekk med, korte raske steg, litt haltande. Her kjem eg piltand, brukte han å seia.

Vi fekk høyra om ein initiativrik mann som starta ulike prosjekt for å hjelpa folk ut av fattigdom og naud rundt 1800.  Sjølv vart han aldri rik. Han var kjøpmann og sildesaltar i Stavanger frå 1811, hadde spikerfabrikk i Lysefjorden, og han utvikla ei gift for å ta knekken på ulven i heiane mellom anna.

Ein gong gjekk han til Finnmark og henta fleire hundre tamrein, omkring 100 dyr kom fram og blei plasserte i Ryfylke- og Sirdalsheiane.  Tamreindrift blei ingen suksess, men dyra styrkte grunnlaget til villreinen her. Ei anna ferd gjekk gjennom Finland, Russland og til Beringstredet, han hadde tenkt å gå over isen til Amerika, men møtte opne havet, snudde og gjekk heim att.

Han hadde ikkje kone og barn sjølv, men ein bror, Tore, slo seg ned på Knaben.
Lensmann Tore Mygland stammar frå han.

Oddbjørn Stakkeland gleda oss med musikk på piano og trompet: All of me, Vitaelux og Mitt hjerte alltid vanker.  Ein vellukka kveld med 107 frammøtte.