Busstur 24. april

Bussturen gjekk over heia der den gamle ferdselsvegen mellom Moi og Bakken i Hægebostad gjekk. Med buss var vi snart på Tingvatn. Erling Stokkeland tok oss med rundt i fornminneparken som er eit av dei mest spesielle områda i Vest-Agder. Dommarringen, Offerringen og Skjelvarspranget er tre ringar av stein med kvar si historie. Plassen har ei mengd med graver. Erling fortalde engasjert om kor viktig denne plassen har vore og om dokumenterte funn og om segner. Besøkssenteret blei åpna i juni 2011 og har både faste og skiftande utstillingar. Nå var det nyleg åpna ei salgsutstilling med teikningar og akvareller av fuglar. Det er mange større og mindre arrangement i sommarhalvåret.

Frå Tingvatn tok bussen oss over heia til neste dalføre, Audnedalen, med stopp i gamle «Grinnem» herad. Kyrkja i Grindheim blei bygd i 1783, og i 1791 blei heile kyrkja rosemåla. Då måtte dei henta fjotlandsmålaren Tore Asbjørnsen Risøyne med læregutane Guttorm Persson Eftestøl og Olav Toreson Kvinlaug. Ut på 1800 talet tykte mange at all denne målinga tok tankane vekk frå det dei skulle tenkja på i kyrkja. Og frå 1861 til 1891, vart heile kyrkja kvitmåla, altertavla først.

Mange var leie for dette, og i 1941 sto kyrkja som før. Det var Marit og Torje Karsten Grindheim som fortalde om kyrkja. Då kyrkja blei måla i 1791, budde målarane i næraste huset på slektsgarden til T K som vi kalla han då han var lærar i Kvinesdal. I det gamle huset skifta presten klede når han kom frå prestegarden i Bjelland. Vi fekk vera med inn i huset på garden som er bygd seinare enn då dei målte. Fleire ting frå det eldre huset er med i det nye, blant anna eit skåp, Presteskåpet, måla av Tore Asbjørnsen. Vi fekk gå rundt i huset og sett andre fine gamle bygningar i eit kulturlandskap som også er halde som før. Ikkje nok med det, kaffi og kringle fekk vi servert.

Siste post på programmet var middag på Heddan Gard og her var Erling Stokkeland vert og vi fekk ein nydeleg tre rettars middag i Løa.

Dei 27 som var med på turen hadde det greitt sjølv om det var litt kald vind og til og med nokre snøfnugg på vegen heim. Terje Gyland var ein triveleg og stødig sjåfør.


Se bilder fra turen


Referat: ABE

Foto: Johannes Hamre