Tur til Budalsheia på Mygland

Den årlege sportsandakten som Kvinesdal Historielag arrangerer i samarbeid med kyrkja på Kr.Himmelfartsdag, var i år i Fjotland. Turen starta på Mygland. Vi følgde først ein skogsveg med god stigning, noen kjørte ein del av vegen eller heilt opp, andre gjekk den 1-2 km lange strekninga.

Etter ei kort samling og litt orientering på toppen, gjekk turen vidare på sti. Det var lett å gå, ingen stigning. Andreas Mygland viste veg. Etter omkring 20-25 min til vi var framme på toppen av Budalsheia, 483 m. o. h. Utsikten var flott. Vi såg Eiesland, Grønnes, Veggeland, Mygland og blånane bakom. På turen opp hadde vi sett Rusteli, Aamlandsvatnet og Fjotlandsvatnet. Leiv Gunnar Skiftun hadde andakt, han tok utgangspunkt i samlingar på fjell i Bibelen, som Sinai og Oljeberget.

Matpause er alltid ein viktig del på ein slik tur, og fint ver og flott utsikt gjorde at ingen hadde hast med å koma ned att. Omkring 40 personar var med på turen, yngstemann var 3 ½ år.

Se bilder fra turen