Boklansering på Lindland/Slimestad

Onsdag 6.juni presenterte Kvinesdal Historielag den nye boka om Andreas Lindland. Forfattar av boka, Ingvar Olimstad, fortalde om boka og mannen. Andreas Lindland var ordførar i Kvinesdal i åra 1874-1876 og 1880-1899. Store veganlegg og mange nye skulehus kom i denne tida. Lindland var med i det meste i bygda, bankmann og politikar, ofte omstridd og han refsa både presteskap og embedsmenn.

Jobben med boka Ingvar fekk, var ikkje heilt lett. Brannar i to ordførarhus gjorde ende på kommunearkiva, det eine var huset til Andreas Lindland. Det har likevel vore andre arkiv og kjelder å finna. Ingvar tok fram enkelte hendingar der Lindland hadde både opp- og nedturar, men han var uthaldande og ga seg sjeldan.

Andreas Lindland hadde ingen søner, men fire døtre ga han bortimot 30 barnebarn og mest 60 oldebarn med stor etterslekt.

Møtet blei halde på Slimestad Bedehus og Grendetun, huset som blei bygd på Andreas Lindland sin grunn som eit privat skulehus, etter stor strid. Huset er nå sett i fin stand og brukt av grenda. Alf O Nilsen fortalde om det som var gjort og huset er nå i fin stand. Mange har vore med å støtta opp og den årlege basaren er populær og er ei god inntektskjelde.

Det var rundt 40 frammøtte, fleire enn vi hadde venta denne varme sommarkvelden. Ekstra gildt var at mange av etterslekta kom, og til og med nokre som var i slekt lenger bak. Etter Kenneth hadde takka forfattar og dei som hadde kome med foto og stoff til boka, var det kaffi og kringle. Praten gjekk livleg både ute og inne, bøker blei selde og forfattaren skreiv helsing.


ABE