Fottur Bjåstøl – Gullestad

1. juli var det ny tur med historielaget. Turen starta på Bjåstøl på vestsida av Kvina midt for Storekvina stasjon. Frå Bjåstøl er merka løyper på gamle ferdslevegar til Homme i Gyland og sørover heilt til Øyeheia. Så langt skulle vi ikkje.
I alt 38 starta opp frå Bjåstøl og seinare kom 6 til. Veret var lett skya og fin gåtemperatur. Stien var tydeleg og lett å gå og gjekk i skog først. Ved Medjestadvatnet passa det med pause og her kom vi borti terrenget der den store brannen herja tidlegare i år.

Matpausen hadde vi på den nedlagte garden Tjellås med mange murrestar etter bygningar. Det er stor innmark som har vore dyrka i tillegg til mange utslåter. Garden har vore folka minst frå 1604 og til litt etter 1900 og mange må innom garden for å finna sine røter.

Neste stans var Kyretøtnan. Her kom taubanen opp frå Trælandsfos og her er finaste utsiktsplassen på turen. Det er ingenting att av taubanen, men fleire lufta tanken om å få rydda den gamle taubanetraseen der smøreruta gjekk. Ved Inntakskummen går røyrgata ned til Stampebekken kraftstasjon. Vi gjekk heievegen ned til Gullestad. I alt brukte vi mellom 4 og 5 timar og gjekk ca 1 mil. Ingvald Tjørnhom hadde lagt opp turen og fortalte undervegs. Som alltid når vi har tur, var nye folk med. Ekstra moro er det når folk som er lokalkjente er med. Dei som ikkje har vore i heia på nokre år, ser kor fort heia gror til og det er vanskeleg å kjenna seg att.

Se bildene

ABE