Referat frå årsmøtet i Kvinesdal Historielag
Torsdag 8. mars 2012 på klubbhuset - Kvinesdal stadion

Bente Brogeland og John Nikolaisen starta kvelden med song før leder Kenneth Trælandshei helsa rundt 170 frammøtte velkommen til årsmøtet. Bente og John fortsatte med fleire kjente songar med fine tekster, nokre på nynorsk.
Kenneth leste årsmeldinga for 2011 og kasserer Anne- Berit Erfjord orienterte om regnskapet for 2011.
Kontingenten skal vera som før, kr. 150.
Tor Tjørnhom styrte valget.
Styret i 2012:
Leder: Kenneth Trælandshei - valgt for 1 år
Nestleder: Tor Mygland - ikkje på valg
Kasserer: Anne- Berit Erfjord - ikkje på valg
Sekretær: Petter Bøgvald Svindland nyvalgt for 2 år
Styremedlemmer: Turid Stakkeland valgt for 2 år
Ingvald Tjørnhom ikkje på valg
Alf Jerstad valgt for 2 år
Varamedlemmer: Ruth E. Meland valgt for 1 år
Ragnhild Høydal valgt for 1 år

Revisor: Hans Inge Eriksen
Valgnemnd: Tor Tjørnhom og Torhild Jakobsen

Redaksjonsnemnda: Redaktør Svein Jortveit, som har med seg Johannes Hamre, Helga Narvestad, Lars Emanuel Egeland og ny Petter Bøgvald Svindland.

Hans Olav Tungesvik frå Skånevik har vore aktiv på mange område. Han kalla kåseriet sitt «Glimt frå historiske møte». Han tok oss med på ei «rundreise» i Sunnhordland der vi var først i Skånevik med gjestgjevargarden der Ivar Aasen budde i 1844. Så gjekk turen til Moster med Mostraspelet og innom Halsnøy med klosteret reist av Erling Skakke. Han budde på Stødle i Etne der kyrkja hans står. Til slutt tok Tungesvik oss med aust til Gausdal der Kristoffer Brun grunnla den tredje folkehøgskulen i landet i 1868. Tungesvik drog inn mykje interessant historie, frå dei gamle kongane, frå politikken, frå målrørsla og litt frå det han veit mest om, i sitt yrke som psykiater. Fleire sa etterpå at dei kunne ha høyrt på han lenger, han hadde «den gode røysta» som Kenneth sa då han takka.

Så var det ein ny flott avdeling med songar av Bente og John der begge hadde fine og kloke kommentarar mellom songane. Maten var fine og gode smørbrød og bløtkaker levert av elevbedrifta ved Lister videregående skole, avd. Kvinesdal. Etter loddsalg var det trekning av mange ting på kort tid slik Kenneth likar. Frå Arendal kom Jens Terje Rafoss. Han delte med oss mange spesielle og morosame minne frå Rafoss og heile bygda. Han fekk mange til å le og lo minst like godt sjølv. Klokka var over 10 då Kenneth sa takk for samværet. Ein del hadde lang veg heim, nokre låg over i dalen. Vi er stolte og glade for at folk frå mange stader vil ta turen til historielagsmøta.

Se bilder fra årsmøtet

Ref: ABE