Årsmøte 1. mars 2017

Kvinesdal Historielag sitt årsmøte samla vel 130 i Kultursalen. Islendingen Bergsveinn Birgisson kåserte om skalden Tjodolv si dikting og om Geirmund Heljarskinn, den svarte vikingen. Geirmund var halv mongol og halv norsk. Soga om han gjekk frå Avaldsnes til Sibir og Dublin og enda med at han slo seg ned på Island. Illustrasjonar og filmklipp var fine innslag i kåseriet. Musikk av Sverre Eftestøl og Oddbjørn Stakkeland sto i stil med temaet. Årsmøtesaker, gode smørbrød og kaker med servitørar frå elevbedrifta til Kvinesdal videregående skole og lotteri gjorde at folk likte seg.

Neste føremiddag fekk Bergsveinn helsa på Tjodolv og sjå litt av dalen, blant anna kyrkjene i Kvinesdal og Feda. Han likte seg her og ville gjerne koma att og sjå meir og ta turar rundt.

Se bilder fra når Bergsveinn helsa på Tjodolv


Referat: ABE