Møte om stadnamn i Kvinesdal 30. april

Dette var ein av dei første sommardagane i år med ei langhelg etter. Likevel var det så mange som 40 som kom på møtet på Klubbhuset. 2009 er kulturminneår, og historielaget ville fokusera på stadnamn som lokale kulturminne. Martin Skjekkeland frå Universitetet i Agder og kvindøl, hadde med prologen som Anne Gullestad skreiv til innviinga av Kulturhuset. Dei fleste gardsnamn i bygda blei nemnd og dette blei ein flott åpning på kvelden. Anne-Berit helsa velkommen og sa litt om bakgrunnen for møtet. Ei samling på 5675 stadnamn skulle bli levert til Stadnamnarkivet og til Kvinesdal kommune. Martin hadde eit innlegg om dialekt og namn. Han nemnde boka med dialektprøver og ordtak som truleg er skriven av presten Jørgen Thomassen. Kvinesdalsdialekta har mange vokalar og diftongar som er spesielle, så det er viktig at vi brukar dialekta.

Botolv Helleland frå Universitetet i Oslo er språkgranskar og han synte døme på gamle og nye namn, og oppfordra oss til å nytta gamle namn istaden for nye påfunn. Han nemnde og ein del om gardsnamna og alder på dei. Finn Isaksen frå Kartverket i Kristiansand snakka om kart og namn. Det fins namn på kart frå 1773. Det er Statens Kartverk som gjer endeleg vedtak om skrivemåte bortsett frå vegnamn som kommunen avgjer. Han nemnde at mange tok kontakt og hadde meiningar om namn.

Vi hadde vona at politikarar og folk frå kommunen hadde møtt fram, men dei kom ikkje.

Fleire av dei som møtte, hadde spørsmål og fekk greie svar.

Se bilder fra møtet her

ABE


Noko av det Finn Isaksen nemnde, finn ein her