Olsok på Spikkeland

Det er blitt tradisjon med olsokfeiring i Fjotland annakvart år, og i år blei det på Spikkeland. Vi møtte opp på nedre Kvinlaug, fylte opp bilane og kjørte 3 km på smal grusveg inn til Spikkeland. Rundt 80 personar møtte opp i regnveret.

Litt om huset og garden.
Heldigvis kunne vi vera inne. Det var god plass i det svære og imponerande huset med tre store stover. Familien Mørland frå Arendal kjøpte Spikkeland og bygde huset i 1910 etter at dei som budde der, reiste til Amerika som så mange andre i Fjotland. Huset er 17 x 10 m, og har 3 fulle etasjar. Det skulle vera eit gardshus, men det er ikkje rart at mange har høyrt og tenkt at det skulle vera eit sanatorium av eit eller anna slag . Det var aldri meininga, kunne Ingeborg fortelja. I 1937 blei garden seld til Ola Buset, han var gift med Maria Andreasdotter Helle, (d. 1944). Familien flytta i 1951. Seinare kjøpte Børild og Ola nedre Kvinlaug garden som tilleggsjord. Son til Børild , Kjell, og kona Kari eig huset og eigedommen i dag. ( Meir om historia og folka som budde der i eit eige stykke)

Programmet.
Ingeborg Haughom fortalde historia om Spikkeland, og Wenche Hunsbedt Svindland song med tonefølgje av Sverre Eftestøl på trøorgel. Dei starta passande med Fjotlandssongen, tekst Sigbjørn Spillebrok, melodi Sverre Eftestøl. Fiolinkvartetten Kenneth Trælandshei og Nils, Asbjørn og Alf Inge Ro spelte fleire stykke bl.a.Langelandsvalsen, før dei avslutta med Martin Eftestøl sin bruremarsj, saman med Wenche og Sverre. Flott !

Rømmegrauten stod Kjellaug Hystad og Irene Hjemlestad for, medan Astrid Netland kom med hellekaker, lefser og flatbrød. Maten fekk menge lovord. Det beste dei hadde smakt, sa mange. Ikkje verst når ein tenkjer på at dei brukte vedkomfyr i det straumlause huset.

Ein vellukka kveld på alle måtar.


Se bilder fra turen

Referat: Turid Stakkeland
Foto: Jens Frigstad