Tur frå Nordås til Heddestølen

Søndag 9.juni gjekk 25 personar ut frå Nordås i Fjotland og enda opp på Heddestølen (Årland står det på skilt og kart) 2-3 timar seinare. Lite stigning og tørr, god og tydeleg sti gjorde dette til ei fin oppleving. I tillegg hadde vi blå himmel og gløtt av sol, noe vi ikkje har vore bortskjemte med på dei siste turane våre. Vi bestemte oss for å avslutta turen med å gå rundt nedre Åmlandsvatnet for å få med oss gardane Åmland og Sandvika, det vart litt lenger enn planlagt, men fint.

Stien er ein del av den gamle kyrkjevegen frå før kyrkja i Fjotland vart bygt i 1670 i følgje Sigbjørn Risnes som var med oss på turen. Den starta i Knaben og gjekk beint sør forbi Førlandsås, Harbakk, på vestsida av Fjotlandsvatnet til Nordås, vidare til Heddestølen, Borhommen og enda opp på Liknes. Seinare har stien blitt brukt som ferdselsveg og handelsveg, og det var ei av fleire ferdselsårer i heia mellom Austerdalen og Vesterdalen. Isak Nordås fortalde at dyr blei frakta der heilt opp til nyare tid. Garden Åmland var eit sentralt knutepunkt og vegkryss i Fjotland, herifrå kunne ein blant anna også dra vidare til Mygland, Åsemoen, Engedal og Helle.

Se bilder fra turen!