Kulturkvelden


Kulturkvelden til kommunen var eit samarbeid med oss. Kvelden var ein del av grunnlovsjubileet.

Ådne Fardal Klev som skal skriva den nye bygdeboka, leia oss gjennom kvelden på sin lune måte. Leonard Jansen frå Setesdal heldt eit humørfylt foredrag om stortingsmennene frå Agder.

Dei årlege prisane blei delte ut. Gunnar Gundersen fekk velfortent pris for sin mangeårige innsats i Karateklubben. Terje André Kvinlaug fekk kulturstipend, Rita Eiesland Holen og Thomas Aamodt fekk idrettsstipend, og Solli Gard fekk bygningsvernprisen. Applausen synte at prisane var vel fortente.

I matpausen var det suppe og flatbrød som metta og smaka godt, levert av Kvinesdal Gjestehus.

Musikkinnslaga var det Valium og Wenche Hunsbedt Svindland som leverte, flott som vanleg.


ABE