Tur Knibestøl til Haddeland

 

I samband med Streif-arrangementet på Torvløbakkan 30.juli 2005 arrangerte historielaget fottur frå Knibestøl. 44 personar møtte opp her og fekk først omvisning i den gamle løa der kunstnaren Leiv Knibestøl har utstilt ei stor og variert mengd av sine arbeid. Leiv gjekk i spissen for flokken på den gamle vegen mot Høydalen. På stien under den bratte Kniben fortalte Leiv om slått og hardt strev i dette ulendte terrenget. Seinare fylgde vi skogsvegen fram til Høydalen der det er mykje fint kulturlandskap. Så gjekk turen på veg til Haddeland.

 

På Torvløbakkan var det samla mykje folk, truleg over 300. Her var eit flott program: kåseri av Andreas Hompland, musikkinnslag, mat frå tidsrommet 1905-2005 og utstillingar av både sauebilder og lokal kunsthåndverk. Det var hesjing og setting av stakk, så dei som ville kunne få prøva eller oppfriska dette. 

 

Se bilder fra turen