Tur på heia på Helle

Søndag 2.september arrangerte vi tur med start og slutt ved saga på Helle i Fjotland. Arild Helle var med som naturlos. Det var grått frå morgonen av, men det blei godt gåver etter kvart. Heile turen gjekk på grusa skogsveg, runden var omkring 4-5 km lang, og det var ein stigning på til saman litt over 200 m.

Første biten følgde vi traseen til den gamle dalevegen frå Helle mot Borhommen, gamlevegen var synleg innimellom. Den blei brukt fram til 1871 då vegen langs Kvina blei bygt. Helle var ein storgard i gamal tid, Fjotland blei kalla Helle manntal tidlegare. Eit stykke inn på heia var det store, runde steinar i ein ring, og det er blitt nemnt at det kan ha vore ein tingplass her. Arild Helle stoppa med jamne mellomrom og hadde god orientering. Vi var imponerte over det han og broren Torbjørn har fått til. Mange små og store myrer hadde dei dyrka, ein del utløer såg vi, noen restaurerte og noen nye i gamal stil, gode skogsvegar, overalt var det velstelt. Kyrne som gjekk på beite, hjelpte nok til med å halda landskapet ope. Men at det går an å kjøra opp og ned med traktor og tilhengar i dei brattaste bakkane ?

Etterkvart svinga vegen nordover, den er laga i nyare tid. Det blei matpause i ei jakthytte på Harhei, det var det høgaste punktet, og høgdepunktet, på turen. Der overraska Solveig og Unni Helle oss med grilla pølser og karbonadar, og kaffimat. Utsikten frå jakthytta var flott, den første elgen i Fjotland (?) vart felt her på 1930-talet fekk vi høyra. Etter ein lang og god matpause, med gode jaktsoger, gjekk vi nedover mot Helle att. 28 personar med stort og smått var med på ein svært vellukka tur.

Se bilder fra turen