Tur til Grunnevassnuten (971 moh) i Knabeheia


Søndag 24.august var mellom 80 og 90 personar klar til tur. Jan Rob var med som ein svært dyktig og kunnskapsrik naturlos. Han kjenner området veldig godt etter mange år ved Knaben leirskule.

Vi starta ved Kvinavegen parkeringsplass og følgde vegen til Smalavatnet, lett stigning, men tørt og fint å gå. Den siste biten gjekk i terrenget, ganske bratt, og der kom også regnet og gjorde det litt surt for oss ei stund.

På ferda oppover var det mange småstoppar med orientering om tidlegare drift etter molybden, mest under første verdskrig. Vi såg inngangen til Ørnehommen gruver blant anna. Og Bessestolen, ein stein som ser ut som ei vogge. Segnene om den fromme Besse i Knaben er det mange av.

Grunnevassnuten som var målet for turen låg innhylla i skodde. Vi såg derfor lite, men fekk høyra at herifrå kan ein sjå alle sju kommunane som Kvinesdal grenser til, og fleire fjelltoppar som Urdalsnuten (1434 moh) i Sirdal, det høgaste punktet i Vest Agder, og Bergehei (996 moh), det høgaste i Kvinesdal. Grunnevassnuten er lett kjenneleg frå lang avstand med ei hytte på toppen av eit frittståande rundt fjell.

Hytta blei bygt i 1950. Det var det norske flyvåpenet som ville ha ein peilestasjon mellom Arendal og Stavanger, og i 2-3 år blei hytta brukt a norske soldatar i førstegangsteneste . I dag er hytta privateigd.

På vegen ned att var vi innom Kvina gruver, fleire var inni gruvegangane med lommelykt. Noen gjekk Kvinavegen tilbake til bilane, men omkring halvparten følgde med til Knaben 1 og fekk høyra om drifta her og sjå murane som står att. Vi avslutta med å gå den eldste vegen til Knaben 1, Kløvjevegen, til kom inn på Kvinavegen att.

Ein flott tur i eit fint terreng med ein flink naturlos. Vil noen ha meir fakta kan de gå inn på www,knaben.no.

Se bilder fra turen

 Foto: Johannes Hamre